Shopping security
Den tredje, grå diktboka til berrekristin, Kristin Straume, heiter «I tilfelle du treng det». Her finn du små og ærlege dikt i kjend stil om kvardag og helg, vår og haust, motstand og aksept, om å vera åleine og å vera ilag. Dei ulike årstidene rammar inn gjenkjennbare tekstar som kan gje meining for fleire i ulike livssituasjonar og aldrar. Der den forrige, svarte boka var «nede i dalen», kan nok lesaren finna vegen opp igjen frå dalen i denne boka, litt klokare og meir erfaren. Boka kan vera ei vakker gåvebok for eksempel til nokon som har vore gjennom krevjande tider, for å bearbeida og koma seg vidare. Boka er solid og gjennomtenkt utforma, kvadratisk (15*15 cm) med kvalitetsark inni og foliert omslag utanpå, som gjer at det kan følast litt som utsida er av hud når du held ho i hendene. Boka vart gjeve ut i 2021, og inneheld dikt som dette:
Du skjønar ikkje
kor bra du er
kanskje det er difor
du er ekstra bra
___________________________
Eg vil ikkje leva
lukkeleg alle mine dagar
då finst eg kun
i eit eventyr
Eg vil leva
alle mine dagar
dei lyse og dei mørke
og dei mange grå
Eg vil leva
Kundetilbakemelding:
Har gitt den grå i gåve til fleire, og alle vart så glad og les den ofte ❤️ Dikta treff så godt ❤️
-Laila (51)
Alt du skriv er så relevant. Brukar dikta dine i dei fleste samanhengar. Noko til fødselsdagar, til oppmuntring om eg ser nokon treng det og ofte les eg bare i bøkene dine for å trøste meg sjølv i ein hektisk kvardag <3
-Åse Lena (51)
Ships within 48 hours · Estimated delivery Jul 3 - Jul 8
US$40
Get nowSign up to your membership to get coupons up to
15%
Get nowOpportunity to enjoy order discount up to 15% off
Top-Converting Item to Boost Your Average Order